Menu

NRK – Naturens verden

NRK – Naturens verden

Naturens verden tek lyttarane med ut i naturen landet rundt. Vi møter folk som lever av eller i naturen på fjellet, ved havet eller på eit gardsbruk. Vi er der folk bur og jobbar og møter folk med beina på jorda.

Naturens verden 02.10.16 2016/10/02, 11:00
Naturens verden 02.10.16

På eit nydeleg fjellvatn i Balsfjord i Troms legg vi ut i båt for å sjå årets vakraste eventyr - røyegytinga. Og lærer mykje av forskarar frå UiT Norges arktiske universitet i Tromsø. Damerøyene er kresne i val av menn, så mennene brukar all energi på å gjere seg ekstra raude og tiltrekkande. Men er det nok? Og kan fiskar bli forelska? Frå båten ser vi rett ned på røyenes gytegrunn, og undervasskamera viser endå meir av leiken. På Sunndalsøra er vi med på opptaking av potet, og dagens art er brunskjegglav.

Naturens verden 25.09.16 2016/09/25, 11:00
Naturens verden 25.09.16

Ein av landets mest erfarne undervassfotografar fortel om havets vakre løyndomar langs heile Norskekysten. Ein av favorittane er kameleonfisken, som endrar farge etter grunnen den ligg over. Etter 40 år med undervassfotografering har Erling Svensen både vunne NM i faget og deltatt i VM. Og hjertet brenn stadig sterkare for naturvern.<br>Når Auden Bergheim ser eit gartneri, MÅ han kjøpe eit frukttre. No bognar det av eple i alle fargar i hagen i solhellinga på Bergheim. Dagens art er grå fargelav.

Naturens verden 18.09.16 2016/09/18, 11:00
Naturens verden 18.09.16

Jeløya i Østfold har ein heilt unik natur, i dag får vi høyre om dei mange naturtypane som fins her. Alt frå landets største utval av sommarfuglar og edellauvskogallear rundt herregardane, til rådyr, strandblomar og månelandskap. <br>På Batnfjordsøra kryr det av folk under Dyregoddagane. Store og små handlar mat, nips og traktorar og ser på dyr. Dagens art er kvistlaven, som er ein av artane som har glede av klimaendringane. Varmare og våtare ver gjer at den sprer seg raskt.

Naturens verden 11.09.16 2016/09/11, 11:00
Naturens verden 11.09.16

Årets soppsesong lovar godt, men sopputvalet varierer rundt om i landet. Vi plukkar sopp i Bærum med ekspert Morten Jødal. Han fortel om ulike soppar, kurs og kontrollar, og har laga fantastiske rettar av sopp, granskudd og bær. Vi får også høyre om dronning Sonja og dronning Margrethe ved oppvaskkummen på ein fjelltur. I Tydal driv ein ung bonde gard 400 meter over havet. På si jobbar han for Språkrådet med å bestemme namn på elvar, fjell og vegar.

Naturens verden 04.09.16 2016/09/04, 11:00
Naturens verden 04.09.16

Det er mykje spennande liv i ein liten bekk, vi vassar uti og finn insekt, floger og larvar saman med SNO i Trondheim. Tenk at elvemuslingen kan bli over 250 år gamal! Vi får også nærkontakt med bever og steinkobbe – i alle fall skinna deira. Hadde du klart å finne tilbake til fødeelva di om du var ein laks? SNO testar reporteren, og fortel meir om fiskanes sansar.<br>I ein hagereportsje høyrer vi at folk må slutte med bark i blomsterbeda, og heller bruke singel. Og dagens art er snømållaven, som viser kor djup snøen er i bjørkeskogen.

Naturens verden 28.08.16 2016/08/28, 11:00
Naturens verden 28.08.16

I Kurefjorden mellom Rygge og Råde i Østfold finn vi eit av landets rikaste, skjøtta våtmarksområde. Her kan du få auge på alt av våtmarksfuglar som er innom landet vårt, frå det høge fugletårnet langs vasskanten. I Krutådalen i Nordland driv Laila Hoff fjellgard over 500 meter over havet. Ho bur i fjellbeitet der rovdyra kjem inn på tunet. Professor Dag O. Hessen har skrive karbonet sin biografi. I haustens første «Dagens art» fortel han meir om dette viktige stoffet.

Naturens verden på øyhopping til Værlandet 2016/08/21, 11:00
Naturens verden på øyhopping til Værlandet

Lengst ute i havet ligger Værlandet. Her gror kystlyngheiene og villsauene holder kulturlandskapet vedlike

Naturens verden på øyhopping til Myken 2016/08/14, 11:00
Naturens verden på øyhopping til Myken

På øya på Helgelandskysten med bare ni fastboende, skapes det ny virksomhet i det gamle fiskemottaket.,

Naturens verden på øyhopping til Frøya 2016/08/07, 11:00
Naturens verden på øyhopping til Frøya

Øysamfunnet ytterst i Sør-Trøndelag stod på kanten av stupet og folk flyttet vekk. Gode krefter og landet største laksegrunder snudde det negative til noe positivt. I dag kjøres trailere med fisk ut av øya og trailere med flyttelass inn til Frøya.

Naturens verden på øyhopping til Kjerringøy 2016/07/31, 11:00
Naturens verden på øyhopping til Kjerringøy

Han kom innom på 1960-tallet. Siden har han blitt der. Karl Erik Harr har funnet mye viktig inspirasjon på Kjerringøy i Bodø